Informasjon
Me ønsker å invitera deg inn i vårt heimakoselege og varme fjellpensjonat. I gamal seterstil har me 36 sengeplassar som ventar på å bli fylt opp. Hos oss nyter gjestene eit godt måltid i matstova, med skikkeleg husmannskost. Dagen kan nytast på tur eller i peisestova, og det er fult lov å sovne på sofaen!

☕ Velkomen til kaféen vår på Skotten! 🧇
Her møter du enten Hans-Petter, Ingvild eller Tuva som ønsker deg hjertleg velkommen💛
Me serverer nystekte vaflar, kaffi, brus, bringebærdrops, og mykje anna godt som kan frista både store og små ☕
🕙 Kaféen er open dei fleste laurdagar og søndagar i vnter frå kl 11 til 17. Sjekk Facebook for nyast informasjon.
Kom innom for ein pust i bakken og noko godt å eta💛


Lunsj
Er du sulten på noko meir enn berre vaffel? Då reddar Ingvild dagen med heimelaga karbonadesmørbrød med speilegg. Tuva har bakt brød, så bedre kan det nesten ikkje bli!🍳
Dette må forhåndsbestillast utanom feriar.
179 kr

🍹 Velkomen til Fjellbaren 🏔️
Treng du noko kaldt i glaset etter ein fjelltur eller berre fordi det er godt? Då må du komma innom Fjellbaren vår – med alle rettighetar 🥂
Me har både Skotten-komboen😉 og eigne miksa drinkar på ulike sirupar Tuva har laga🍸🌸 Baren passar både for fjellsko og finkjolar, og tilbyr både inne og uteservering 🌞
Opent når det er folk🍻


Hund
Hos oss er sjølvklar familiemedlemmer på 4-bein òg velkommen!
Det er viktig at me får beskjed om hund sånn at me får plasert dåke på eit hunderom.
Hunden skal vera i bur inne på rommet, og ikkje vera inne på felles arealer.
Det kommer eit ekstra tillegg på 100 kr pr hund.
Allergiar
Gi beskjed om allergiar, slik at me kan tilpasse maten best mogelg!
Me kan lage det meste glutenfrit og laktosefritt. Har òg vegetartilbode, og prøvar etter beste evne å finne noko alle kan ete!



Middag
Me serverer ein 3-rettesmiddag til overnatttingsgjester og andre gjester som bestiller. Bestilling innan kl 12 same dag.
Dagens middag kan variere mellom:
-
Kjøttkaker
-
Steik
-
Aure
-
Fiskekaker
-
Komler
Før hovudretten blir det servert dagens suppa, før ein avsluttar med ein dessert.
Middagen koster 389 kr og kan bestillast på 93233805.
-
Hønsefrikassè
-
Skottengryta
-
Sosakjøt
-
Hjortegryta

