


Velkommen til oss
Snøen er like rundt hjørne, og setera har tatt på juledrakten! No er me klare for julebord, adventslunsj, skitur, kakao, hundetur og alt denne koselege tida har å by på!
Sjekk kalenderen for kva som skjer hos oss, og følg med på facebook :)
Håper me ser deg i vinter!
Kva skjer på Skotten
Me ønsker å invitera deg inn i vårt heimakoselege og varme fjellpensjonat. I gamal seterstil har me 36 sengeplassar som ventar på å bli fylt opp. Hos oss nyter gjestene eit godt måltid i matstova, med skikkeleg husmannskost. Dagen kan nytast på tur eller i peisestova, og det er lov å sovne på sofaen!

☕ Velkomen til kaféen vår på Skotten! 🧇
Her møter du enten Hans-Petter, Ingvild eller Tuva som ønsker deg hjertleg velkommen💛
Me serverer nystekte vaflar, kaffi, brus, bringebærdrops, og mykje anna godt som kan frista både store og små ☕
🕙 Kaféen er open dei fleste laurdagar og søndagar i vnter frå kl 11 til 17. Sjekk Facebook for nyast informasjon.
Kom innom for ein pust i bakken og noko godt å eta💛


Lunsj
Er du sulten på noko meir enn berre vaffel? Då reddar Ingvild dagen med heimelaga karbonadesmørbrød med speilegg. Tuva har bakt brød, så bedre kan det nesten ikkje bli!🍳
Dette må forhåndsbestillast utanom feriar.
179 kr

🍹 Velkomen til Fjellbaren 🏔️
Treng du noko kaldt i glaset etter ein fjelltur eller berre fordi det er godt? Då må du komma innom Fjellbaren vår – med alle rettighetar 🥂
Me har både Skotten-komboen😉 og eigne miksa drinkar på ulike sirupar Tuva har laga🍸🌸 Baren passar både for fjellsko og finkjolar, og tilbyr både inne og uteservering 🌞
Opent når det er folk🍻

Frå Stord til Skotten Seter
Hausten 2023 dukka det opp ei finn-annonse om ei seter i Ringebu. Etter ei helg på hytta der tema stort sett var Skotten Seter, måtte me berre på visning. Då var det gjort! Me forelska oss fort i plassen, og med en gamal draum om å driva ei turisthytta, var dette ein moglegheit som ikkje kunne gå frå oss!

















Korleis du kommer deg til oss finner du












